INTERVJU MED INGUNN FLØLO – AKTUELL MED BOKEN "Å OPNE HJARTET PÅ NYTT"!

Fortell litt om deg selv!

Eg heiter Ingunn Flølo og bur i Lillehammer, med mann og  barn. Eg har mine røter frå Nordfjord, der kjærleiken til både natur og nynorsken kjem frå. Eg er pedagog, forfattar og yogalærar, med utdanning innan pedagogikk, kommunikasjon, sosiologi , trening og helse. Eg har jobba med barn og unge i over 25 år, då og menneske i alle aldrar og livssituasjonar, noko som både har forma og utvikla meg. 

Når begynte du å skrive? Har du alltid hatt en forfatterdrøm, eller hvordan kom skrivingen til?  

Draumen om å gi ut bok har vore der lenge. Skrive har eg gjort so lenge eg kan huske. Å sette ord på det eg ser og opplever og gi utløp for fantasien starta med dikt og eventyr, seinare songar, historier, foto og tekstar både i sosiale media og avis. 

Hva slags bok har du skrevet? 

Eg har skrevet ei bok om balansekunsten det er å være menneske i ei verd som syns å gå alt for fort, der vi knapt rekk å ta oss tid til å tenke etter og ha ro nok til å lytte innover, slik at vi høyrer oss sjølve meir enn vi høyrer alle andre. Boka har eit utval tekstar eg har delt på sosiale media over mange år. Det er dikt, ordtak og små og store tekstar om det å være menneske, i kvardagen, i følelsane og i tida vi lever i.  Med å sette ord på dette og stille spørsmål som kan sette i gang refleksjonar kring oss sjølv og livet vi lever, håper eg, eg gir dykk mogelegheita til ei stund i ro til å tenkje etter kor de er, kva de har og kva de vil.  

Hvordan var det å gi ut boken selv? 

Eg har gitt ut boka sjølv, med Indiemoon og i samarbeid med Forfatterskolen.  Det er ei bratt læringskurve og ein god del jobb, men med gode, tolmodige og dyktige mennesker i Forfatterskolen  og gode støttespelarar er dette ein god måte å gi ut bok. 

Hvordan var det å sitte med sin egen bok mellom hendene? 

Det er ein heilt utruleg  god følelse å ha boka i hendene. Det kjentes virkelig og uvirkelig på same tid. Det er stort og verdt all jobben som er lagt ned.  

Hvordan har mottakelsen vært, og hva er planene videre for boken?  

Det har vert ein heilt fantastisk mottaking! Eg er så takknemleg for alle gratulasjonar og gode tilbakemeldingar.  Det blir videre sal av og samarbeid med boka utover i det nye året. 

Har du drømmer, eller en konkret plan, for videre skriving? 

 Det blir meir skriving. Det er nokre prosjekt på trappene, som blir spennande å sjå korleis former seg. 

Hvordan var det å samarbeide med oss i Indiemoon? 

Det har vert heilt supert å jobbe med Indiemoon. Det har gjort prosessen med utgivelse trygg og dokke har gjort ein so fin jobb med boka.  

Hva er ditt råd til andre som drømmer om å bli forfatter?  

  1. Om du ikkje skal gjere det no, når skal du gjere det då? 
  2. Ta akkurat passe risiko, slik at fallhøgda er noko du kan tåle. 
  3. Anten går det eller so går det ikkje, det veit du ikkje før du har prøvd.  

Gratulerer så mye, Ingunn! Vi er kjempestolte av deg og boken din, og gleder oss til å følge forfatterkarrieren din videre 🙂

Her kan du bestille å opne hjartet på nytt:

Å opne hjartet på nytt av Ingunn Kristin Flølo



Tags


Du vil også kanskje like disse:

Livsveiens mysterier

Livsveiens mysterier

Ta kontakt med oss

Navn*
E-post*
Beskjed
0 of 350
>